Ola Sandland til minne.
Vemodig men ikkje uventa etter lengre
tids alvorleg sjukdom, gjekk misjonsprest
Ola Sandland (1931 -2020) ut av tida
måndag 29. september. I over ti år av mitt
misjonærliv fekk eg den ære og
privilegium å vandra i Ola sine fotspor,
bokstaveleg tala, i Madagaskars veglause
utkantar både som ny distriktsmisjonær i
Maintirano og Antsalova, og mellom
landsbyar i regnskogen i aust og på tørre
vidder på vestkysten. Her møtte eg
nasjonale evangelistar som omtala Ola
med varme og store respekt. På vegne av
denne flotte gjengen og alle som i ein eller
annan stilling vart Ola sine medarbeidarar
på Madagaskar, vil eg gi eit glimt av dette
fine og rause mennesket.
Frå heimen i Bjelland via Hornes gymnas
og lærarskulen i Kristiansand, starta Ola i
1956 teologistudiet ved Misjonsskulen i
Stavanger. På lærarskulen fann Ola Ingfrid
Omland frå Tananger, og ekteparet drog til
Madagaskar i 1962. Dei fekk sin første
arbeidsperiode på Vestmadagaskar, først i
Belo sur Tsiribihina og så som
distriktsstyrar i Maintirano og Antsalova.
400 km mellom kyrkjelydane lengst i sør
lengst i nord ved Mosambikkanalen skulle
nåast før regntida tok alle bruer og det
som måtte likna på vegar. Det var nok tøft
for ho som sat åleine heime på ein isolert
misjonsstasjon.
I 1969 gav Misjonsselskapet (NMS) Ola i
oppdrag å organisera og leia ein
evangeliseringsaksjon i unådde
utkantstrok på Madagaskar. Han
rekrutterte og organiserte i første omgang
ca 30 evangelistar eller nasjonale
misjonærar som så skulle planta nye
kyrkjelydar. Pastor Olav Kr. Strømme
finansierte dette i tre år gjennom dei
velkjende raude annonsane. Strømme ville
ha fotos av kvar einskild elev frå dei
nystarta småskulane i avdalane. Det leita
nok både på fotoutstyr og nattesøvn å få
alle desse portretta med påskrift heim til
Kristiansand. Denne misjonsaksjonen vart i
1976 integrert i kyrkjeorganisasjonen som
misjonsavdelinga i Den lutherske kyrkja på
Madagaskar.
Ola stilte opp der kyrkje og misjon trong
folk, anten det nå var som leiar på
landsplan av søndagsskulearbeidet i Den
gassisk lutherske kyrkja, eller som ein av
tre kandidatar til generalsekretærstillinga i
Det Norske Misjonsselskap i 1980 saman
med Odd Bondevik og kullkameraten
Bjørn Bue. Odd Bondevik vart
generalsekretær, og Ola overtok som
misjonssekretær for Madagaskar og Sør
Afrika i 10 år frå fyrst på 1980-talet.
Mange fekk merka Ola sin varme omtanke
i vanskelege dagar. Sjølv fekk han ein tøff
siste etappe på livsvegen.
Me lyser fred over hans gode minne.
Erik Tangedal.
Det er tirsdag 6 oktober kl. 10.00
Jeg tenner et lys til minne om onkel Ola. Han var onkelen som sendte meg luftpost brev fra den store verden med mange rare fine frimerker på. Det var stor stas for ei lita jente i en stor søskenflokk på Saltrød. Ei fletta rød veske har hengt ved min kontorpult, som en påminning om den stor verdien av å bli sett som barn.
Gode minner lever videre.
Hilsener sendes til familien i Tananger fra Marie på Ås
. En varm og god onkel er gått bort. Han var nær i min barndom, og evna å se oss barna i familien. Stor stas når han (og etterhvert tante Ingfrid) kom på besøk. Fra Madagaskar kom det spennede brev både titt og ofte, Han var en ivrig fotograf, og bildene fra en for oss fjern verden var spennende å studere.
Jeg var den første han ble onkel til, noe som nok gjorde at jeg fikk mye oppmerksomhet, jeg var stolt når han kalte meg sin fotomodell da jeg fikk bli med på jakt etter fine naturmotiv rundt Øygarden.
Vårt siste møte ble i min mors 90-årsdag (hans eldste søster) for snart 2 år siden. Min mor er ikke i stand til å overbringe hilsen selv, men jeg vet at Ola var en kjær bror gjennom alle år. Onkel Ola holdt en fin tale til sin storesøster, noe min mor var svært glad for.
Jeg er dessverre forhindret fra å komme i gravferda, men vil på denne måten uttrykke en varm takk for alt han var, gode onkel Ola.