Informasjon

Olaug Lovise Sola

  • 22.12.1934 - 25.02.2021

Minnesida Stavanger Aftenblad: Olaug Lovise Sola Olaug Lovise Sola sovna inn torsdag 25. februar 2021 med næraste familie rundt seg på Stavanger Universitetssjukehus. Ho var fødd i Etne og budde der til ho var 10 år. Familien flytta så til Sola, der ho budde resten av livet. Ho gifta seg med Bjarne Johan Sola i 1952 og dei fekk 4 born ilag, Wenche, Karl Johan, Brit Helen og Gitti. Etter kvart vart ho mormor og farmor til sju barnebarn, i tillegg til to bonusbarnebarn, samt oldemor til 10, i tillegg til 2 bonus oldebarn. Mor arbeida i fleire år på Sola Strand Hotell, som i den tida vart rekna for eit av dei aller finaste og gjevaste hotella i Noreg. Her vart det laga mat i særklasse og hotellet hadde svært høg standard. Her lærte mor seg å laga svært god og eksklusiv mat, noko ho også lærte vidare til fleire av borna sine. Ho likte godt å laga god mat og var flink å invitera oss ungar og familien elles til middag og andre hyggeleg samankomstar. Familien samla ho ofte til middag både til kvardag og fest. Ho likte svært godt å ha familien rundt seg og var også glad i dei barnebarna og oldebarna. Det var også stor sysken kjærleik mellom syskena til mor som også var svært glad i henne. Dei haldt godt ilag og kom ofte på vitjing, enten dei budde på Karmøy eller på Sola. I mange år reiste ho på ferie i lag med ungane sine fast til Rhodos i Hellas, der alle budde på det flotte Mitsis Grand Hotell, Rhodos, som hadde alt inkludert og svært gode måltider og underhaldning. Her koste ho seg i lag med oss ungane både på dag og kveldstid og var den siste som gjekk og la seg. I tillegg reiste ho verda rundt med eldste dottera Wenche på rundreisa i Kina, Vietnam, Thailand, Den Dominikanske Republikk, Italia; Rimini, Venezia, San Mario, Ungarn; Budapest, Tyskland: Kiel Cruise, Kreta; Chania og Agios Nikolaos m.m. I tillegg var ho også med yngste dottera, Gitti på fleire ferieturar til Rhodos m.a. Ho reiste også på ferieturar med si gode venninne Marit Mæland på spanande rundreise til India, Thailand, øya Isla de Margarita i Venezuela og områda rundt der, der dei m.a. var og vitja indianarar langt inne jungelen. I tillegg var dei også på ferie i lag til Portugal og Rhodos, Hellas. Det vart også ferieturar til Thailand og Grand Canaria med Eivind og Inger Hellestø, som ho var tante til. Mor var med andre ord ei dama som har reist mykje rundt omkring i verda. Mor var eit ordens menneskje som hadde tellekantar og alt på G. Dette merka me godt i heimen vår og på arbeid. Ho var rekneskap- og bokføringsleiar i Sola Tapet og Golvbelegg AS, Solakrossen, i litt over 30 år, som ho og far eigde og dreiv i lag. Her fekk mor mykje ros for sin gode ordenssans og at ho var ein nøyaktig og framifrå rekneskaps- og bokførar, i tillegg til at ho også var flink med kundehandsaming i butikken. Dottera Brit Helen, sonen Karl Johan og barnebarnet Steffen var tilsette og arbeida i lag med mor og far i butikken. Mor var også glad i dyr, fuglar og å laga til flotte store blome- og plantebed, som var synlege heilt ned til Sola Strandhotell. Ho elska å grava i jorda, luka, planta og stella med alle dei flotte blomane, plantane, blomelaukane, osv. som ho hadde planta. Dette var ei fin avkobling for henne. Ho fekk mykje ros og omtale for sine flotte blome- og plantebed. Det var også mange ulike fuglar og dyr som kom på eigedomen til ho og far, slik som rådyr, hare, kattar, og ein fasan familie på 13 som ho fylgte med på. Ho var også flink i handarbeid. Sprek som ho var rokka ho med rokkering kvar einaste dag til ho var godt over 80 år. Ho var også glad i å gå turar på Sola Stranda og Jærstrendene. Samt rundt omkring på Hinna og elles i Stavanger då ho var på overnatting i helger hjå Wenche og Dag. Mor var også med i den Norske Kvinneleg Frimurar orden i Losje Minerva, Stavanger i svært mange år og likte seg godt i losjen. Etter Minerva losjen vart lagt ned etter mange år, vart ho med på nokre møter i den nystarta losje Aurora etter at ho hadde fylla 80 år. Barnebarna og oldebarna var kjære og nære for henne og ho likte godt når dei kom heim til henne. Barnebarna Louise, Steffen, Mona, Cato, Cecilie, Elisabeth og Karl Martin kom på vitjing og det gleda henne. Dei som hadde ungar tok med ungane sine til henne, slik at mor fekk helsa på sine kjære oldebarna sine Mia, Kasper, Stig, Aleksander, Karita, Daniel, Trym, Tony, Tonje og Sophie. Det same gjorde bonusbarnebarna Thomas og Kathrine, som hadde med Mie Sofie og Arthur-Olai. Då Louise, eldste barnebarnet døydde 21 år gamal var dette svært tungt for mor og far. Dei sa at det var som lyset forsvann ut or livet deira. Nokre av dei eldste barnebarna, Louise, Steffen og Cato var ho også med på fleire ferieturar rundt omkring i Italia, San Marino, Thailand, Grand Canaria, Mallorca, m.a. der me storkosa oss og me opplevde mykje spanande reisemål og anna kjekke opplevingar i lag. Like før det eldste barnebarnet, Louise, skulle opererast for siste gong før ho døydde, reiste mor, Louise, Gitti og Wenche til Mallorca, Spania på ein kjekke og innhaldsrike ferietur i lag, der mor og me andre kosa oss stort i lag. Mor var lenge svært sprek for sin alder, men vart i dei seinare åra lungesjuk og var prega av dette i slutten av livet sitt. I oktober og november 2019 reiste ho og yngste dottera Gitti som var med henne heile tida til Haukeland sjukehus, Bergen for å skifta ein hjarteklaff. Ho kom seg ikkje heilt til hektene etter dette. Mor vart innlagt for lungebetennelse og skulle trena seg opp litt meir Soltun Sjukeheim, Sola. Ho vart også innlagt Stavanger Universitetssjukehuset nokre gonger. Mor var uheldig og brakk lårhalsen og vart smitta av tarmbakterie, Clostridium på SUS. I tillegg til at ho også vart smitta av Korona på Soltun sjukeheim. Utruleg nok greidde ho seg gjennom alt dette, sterk som ho var. Tarmbakterien tok svært mykje på helsa hennar, og hadde mykje å seie for at ho sleit med å få kreftene tilbake og verta god att. Mor var heile tida ved friskt mot og kjempa i mot alt ho vart påført, og me trudde lenge at ho skulle klara seg og verta frisk att. Ho trudde også sjølv at ho skulle verta god att. Men dessverre vart det for mykje for kroppen hennar, og ho måtte gi tapt til slutt. Det er vanskeleg å fatta og forstå at mor ikkje fysisk lenger skal få vera med oss lenger her på jorda. Mor var høgt elska og vil verta djupt sakna av oss alle i familien, slekt og vener. Me i familien set att med eit stort sakn og saknar henne. Me lyser fred over hennar minne. Wenche I. Sola, eldste dotter.

Bestill blomster Blomster