Viss det hadde vore normale tider, ville me ha kome til Madla og vore med i gravferda til Anna Kirsti. I ei eventuell minnestund ville eg truleg ha sagt nokre ord til minne om både henne og morbror Åge. Nå må eg i staden gi uttrykk for tankane mine på annan måte.
Per og eg vaks opp på Hårr på 1940-talet, og då var morbror Åge den unge morbroren vår. Han var 13 år eldre enn oss, noko som jo var ein stor forskjell i den alderen, men morbror Åge var den som passa på oss og leika med oss.
Då me flytta til Opstad i 1950, vart det mindre regelmessig kontakt, og eg følgde vel ikkje så godt med i vaksenlivet til morbror Åge. Eg hugsar ikkje kva tid Anna Kirsti kom inn i bildet, men då gjekk eg truleg på gymnaset. Eg ville i militæret då eg var ferdig der, men kom ikkje inn første året. I staden fekk eg lærarjobb på Hafrsfjord skule, og eg fekk bu hos Åge og Anna Kirsti, som då var nokså nygifte.
Dette er eit år eg hugsar tilbake på med stor glede. Morbror Åge og Anna Kirsti var utruleg gilde med meg. Eg vart behandla betre enn ein son, fekk leva fritt og ta i mot kameratar som var i militæret, og me fekk til og med låna bilen, viss me ville til Bryne på Veritas-møte.
Hausten 1963 gjekk Synnøve på husmorskulen på Sømme og hadde fru Haarr som lærer. Synnøve fekk høyra av Anna Kirsti at ho hadde ein ung student buande hos seg, og til meg fortalde ho om eleven, som òg nettopp hadde tatt artium. Eg veit ikkje om ho hadde baktankar om at me skulle møtast, men det gjorde me faktisk, då eg fekk vera med husmorskulejentene i teateret. At Synnøve og eg seinare skulle bli eit par, låg likevel ikkje i korta den kvelden.
Då me flytta til Bryne etter studietida i Bergen, var me med ujamne mellomrom på besøk hos familien på Madla. Det var alltid stor stas, for Anna Kirsti kunne dekka nydelig bord og laga god mat. Det hende òg at slektningane i Hårrfamilien kom besøk til oss, og Synnøve var alltid litt nervøs når ho skulle ha den tidlegare husmorskulelæraren som gjest.
Med åra har me ikkje vore så tidtgjengde hos kvarandre, og Anna Kirsti har me dei siste åra stort sett bare truffe ved ulike anledningar på Vigrestad. Nå er ho den siste av generasjonen over oss som har gått bort, og me høyrer til dei eldste i familien. Dette er livets gang, men både Synnøve og eg er glade for dei gode minna me har om Anna Kirsti. Me lyser fred over minnet hennar!
Vis mer
Vis mindre