Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Kjære gode broren min Karl Johan!
Du vil verta sakna. Me minnast deg med kjærleik og glede.
Du var ein bror med godt humør, glimt i auga og som likte å tulla og tøysa litt og
var alltid klar for ulike speloppar, Du hadde mange vener og kompisar som du var
glad i og som du likte å vera i lag med opp gjennom åra. Dei sette også stor pris på
deg.
Du var familiekjær og likte godt å vera i lag med oss sysken og foreldra våre. Du
var glad i ungane dine Mona og Karl Martin og barnebarna dine.
Du var også ein bror som var glad i dei du var onkel til og ein bror som var glad i
våre ektemakar og som du likte godt å vera i lag med dei. Alle me fire sysken med
ektemakar hadde også mange kjekke ferie turar til Rhodos, Hellas, der me storkosa
oss i lag. I tillegg til at me alle også var 14 dagar på ferie i lag på Mallorca etter far vår
døydde.
Tankane våre går til dottera di Mona og ungane hennar som har mista sin snille og
gode morfar.
Sonen din Karl Martin. Ektemaken din Mette som har mista sin beste ven.
Kathrine og Thomas og familiane deira.
Me var alle glad i deg og sette stor pris på deg. No må me leva vidare på minnene
me har hatt i lag opp gjennom åra frå me var små og fram til no. Fred vera med deg
til me møtest att. <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3