Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Ei siste helsing.
Takk for alle gode minner eg har hatt saman med deg, Alf.
Me kom til Oppheim i 1979 og bygde hus der nokre år seinare. Tomta såg meir ut som ei steinrøys, men du fekk til den finaste hagen, kun ved hjelp av ei trillebår og handamakt. Imponerande! Eg tykte me hadde verdas finaste plass.
Du laga plen, planta fine blomar og bærbusker, dyrka poteter og andre grønnsaker som me hausta når tida var inne for det.
Me fekk to flotte døtre som har gjeve oss mykje glede og mange morosame øyeblikk opp gjennom åra.
Sjølv om me skilde lag etter 35 års ekteskap, har me vore saman i store og viktige familiehendingar som jul, barnedåp og konfirmasjonar-er takksam for det.
Dei gode minna har eg gøymt i hjarta mitt.
Vi var så heldige og ha deg ansatt i Larsen Turbuss i mange år. Du har lagt mange mil bak deg både i Norge og utlandet. Takk for alle gode minner og fine år sammen ❤️🌹