Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Føler med dere i tapet og sorgen. Lei for at vi ikke kunne delta. Hilsen fra Hedemarken, et steinkast fra radiostasjonen hvor Halvor avtjente verneplikten. Respekt for hele familien etter onkel Augon. Alt godt og Guds fred til dere nærmeste.
Det var et stort sjokk å høre at Halvor er borte. Vi minnes særlig våre gode møter for mange år siden da vi var faddere for hverandres barn. Og ikke minst husker vi den store 50 års feiringen din i Italia som vi fikk den ære å delta i. Takk for alle gode minner!
Musikalske spor kan forsvinne, men spora etter kantor Halvor Østtveit har djupe, historiske røter.
I 1995 var det stor festivitas då Sola-ordførar Kåre Kvalvik opna Sola ruinkyrkje. Eit mellomalderbygg med ei nær 900 år lang og mangfaldig historie. Arkeolog Alf Tore Hommedal ville prøve om den nye kyrkja hadde fått att den mellomalderlege klangen, og song «Salve Regina». Det høyrde Halvor Østtveit. Han vart straks overtydd om at det å halde den gregorianske songen levande i Sola ruinkyrkje var ein minst like viktig byggjestein som dei Riksantikvaren, arkeologen og arkitekten hadde ansvaret for.
Halvor skipa Schola Canto Gregoriano Sola som eit prosjektkor i 1995. Sidan den gongen har koret øvd kvar veke, og vore dei levande steinane i bygget. Koret har halde konsertar og teke imot gjester frå inn- og utland, frå kongelege til tre sjeler på adventsvesper. Den vesle kyrkja ved havet har fått sin plass på det eksklusive kartet over mellomalderkyrkjer i Noreg som husar gregoriansk song.
Koret, med Halvor i spissen, har leita fram gøymde musikalske skattar, spela inn to CD-ar og lært oss det gregorianske notespråket, neumar. Minst to av medlemmene les og omset latin, og professor Åslaug Ommundsen ved Universitetet i Bergen knyter doktorgraden og forskarkarrieren sin innan latinske handskrifter direkte tilbake til Halvor og arbeidet til koret med gregorianikken. Halvor har opna mange ulike dører inn til den historiske kyrkjemusikken, og gjennom dette har vi knytt vennskap og kontaktar med kyrkjemusikarar frå Island i nord til Italia i sør.
Gjennom alle år har koret kjent på eit ansvar for å halde liv i forteljingane om St. Svithun, vernehelgenen til Stavanger, og for kontakten med moderkyrkja Winchester Cathedral i England. Då Halvor vart pensjonist, tok Ragnhild Zetterstrøm over oppgåva med å halde songen einstemd, varm og levande.
Scholaen har fått vere med på store og viktige hendingar for kyrkjemusikken i Noreg, Stavanger og Sola. Likevel er det kanskje dei små, finurlege historiene som lyser sterkast når vi no er så uendeleg triste over å ha mist Halvoren vår. Som då Halvor skulle kjøpe billett på Tau-ferja etter at koret hadde sunge i Jelsa kyrkje.
– Det e meg og 13 kåner, sa Halvor til billettøren.
Dei 13 kånene takkar deg, Halvor. Du har bore den gregorianske songen inn i liva våre. Songen er vår skatt og perle. Vi er deg evig takksame. Vi vonar du no høyrer den vakre songen i modus 7, englane sin lovsong.
Bilete er frå Utstein kloster, med songarane frå 2007.