Kondolerer til familien
Kjære Per❤️Det er mange som har det namnet, men i vår familie visste alle kven me meinte når me sa berre Per. Du var den fjellvante bymannen, den lidenskaplege fiskaren som alltid måtte ha eit kast til før du tok kveld. Du var han som spreidde god lukt og god stemning alle stader. Du var trubaduren med den sterke stemma og den rungande latteren, og ikkje minst, den gode familievenen. Raus med klemmar, rik på historiar og med åra, sjølv ei legende. Like sikkert som snøen forsvann kring Litlos, kom Per. Fyrst åleine, etter kvart med familien, og ofte ilag med Rolf. Det var alltid ein fest når du kom, og merkbart stusslegare når du for, som regel med solid fangst av både fisk og nye historiar.
No er fiskestanga di lagt ned… eller kanskje den har gått vidare til ein ny generasjon? Du har hatt ein rimeleg bra tur, og du har gått opp ei ruta som fleire no føl. Du vert sakna og aldri gløymd. Takk for turen, Per!
På vegne av familien Øvregård
Takk for gode minner
Anne Brit
Ivar og Marit
med familier