Hvil i fred
Eg arbeide i lag med Else på sparekassensaldersheim i 1963. Eg har så mange og fine minner frå den tida. Også seinare når me møttes tilfeldig prata og lo me og minnest den tida me var i lag. Ei kjekke tid som eg huska Else med den lune humoren.
Takk for gode minner og koselige samtaler.
Takk for gode minner.
Takk for gode minner fra oppveksten på Bru!
Takk for alle gode minner 💔
Min snille og gode tante ❤️ takk for alle gode minner - du vil bli savnet - hvil i fred 🕯️
Kjære tante Else.
Takk for gode minne.
Det føles rart når nokon som alltid har vore der, plutseleg ikkje lenger er blant oss. Som liten gut hugsar eg det å vera saman med tante Else som høgdepunkt. Og kvar gong ho kom på besøk, var det alltid spennande kva ho hadde med i veska - som regel sjokolade eller noko anna godt.
Tante Else hadde sitt virke på Sparekassens aldersheim på Storhaug, og ho budde i mange år i nabohuset. Der var me alltid velkomne
Sjølv om ho i nyare tid kunne slita med moderne mobiltelefon og aldri kom seg på internett, var ho faktisk i si tid ganske frampå teknologisk. Tante Else var blant dei første eg veit om som kjøpte seg farge-tv, ho hadde grammofon og plater med musikk (inkl. barneplater) og etter kvart oppgraderte ho også til eit skikkeleg stereoanlegg.
Ho var alltid glad for besøk. Og ho var alltid glad for å få ein telefon. Heilt til siste gong me møttes, var ho oppteken av korleis det gjekk med oss og ungane våre.
Dei siste åra blei vanskelegare med sviktande helse. Ho hadde det nok ikkje alltid like godt, men ville heller ikkje klaga. For få veker sidan fekk ho fast plass på sjukeheim, men opphaldet der blei ikkje langvarig.
No er plagene over og du har kome til vegs ende, tante Else. Takk for alt du var for oss - kvil i fred!